Borga I Ur
Odd Nordstoga
Date Added: |
2004-12-21 07:40:43 |
To elver renn gjennom landet ur, møtest der, og høgt fra ein mur ser du opptog med faner og vimplar i vind; der elvene møtest skrid opptoget inn.
Eit bord med safirpynta beger av gull, hyller med kunnskap, rull på rull. salar med strengespel , song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.
Så snør det i landet: gløymselsnø. borte blir borga og gløymde dei brød. som metta dei fem tusen munnar frå korg: andlet ber blindt på ei tusenårssorg.
Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.
Ei dør slår opp i den stille kveld, gjennom opningen anar du skinet av eld og stemmer som vinden ber fram der du trør: dette er noko du kjenner fra før.
Ei hand spelar terning i fakkelskin, ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin; dei er her, dine bortgløymde systrer og brør: detter er noko du kjenner frå før.
Gløym slitet for glede og frykta for sorg; det er her, alt du treng, det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.
Sjå her er dagen som renn. sjå, her stig sola for deg sjå, her er korga med brød for alle, i borga i landet ur.
Taken from: >> LyricsProvider.com
Lyric comments:
0 comments in
total.
Showing last 0 Insert | Show
Comments are turned off (default). [Turn comments on]
|